Med menneskeband drog eg dei, med kjærleikens reip.@Hosea 11,4
portrett
Trygve A. Bjerkrheim (1904-2001)

John Fawcett, 1782 (Blest Be the Tie That Binds); omsett frå engelsk til islandsk av Friðrik Friðrikson, 1931, og frå islandsk og engelsk til norsk av Trygve A. Bjerkrheim, 1951.

Dennis, Hans G. Nägeli (1773-1836) (🔊 pdf nwc).

portrett
Hans G. Nägeli (1773-1836)

Velsigna band som bind Guds folk i saman her,
i same kjæleik, same sinn som i Guds himmel er.

Vi er av kongeætt, Eit heilagt syskenlag,
Men ser vår høge adel rett Fyrst på den store dag.

Her skil dei store hav Guds folk i ymse land,
Men bundne saman vert vi av Dei sterke Andens band.

Her er ’kje fri og træl, Her er kje arm og rik.
Kvar har den same arvedel og er dei andre lik.

Om nokon av os lid, Så græt vi andre med.
Og vert han atter løyst og fri, Vi oss med honom gled.

Vi kjenner saknad sår Når her vi skiljast må,
Men vonar i Guds rikes vår Kvarandre atter sjå.