Graset turkar burt, blomen visnar; men ordet frå vår Gud stend æveleg ved lag.@Esaias 40,8
portrett
Haldor Lillenas (1885-1959)

Haldor Lillenas, circa 1917 (The Bible Stands); Vilhelm Gravdal, 2001 (🔊 pdf nwc).

portrett
Vilhelm Gravdal (1966-)

Guds Ord står fast som det trauste fjellet
Midt i stormens ville tid.
Kvart blad det brenn med ei evig sanning,
Det er ljos til å ferdast i.

Kor

Guds Ord står fast sjølv om berga buldrar,
Det vil evig stå sjølv om jorda smuldrar.
Ja, eg set mi lit til den trygge grunnvoll
For Guds Ord står fast!

Guds Ord står fast slik som tinden tronar
Utan hjelp av mannehand.
Guds sanning kan ei umyndiggjerast,
Aldri Ordet avlivast kan.

Kor

Guds Ord står fast og vil eksistera
Og når jorda har forgått.
Kvar føresegn vil eg lydig følgja
For frå Gud har me Ordet fått.

Kor

Guds Ord står fast om enn åtak møter,
Han som skreiv det er då Gud!
Av nåde livet eg på det byggjer
Vil i tru og det leva ut.