Og dei som leitar etter meg, dei finn meg.@Salomos Ordtøke 8,17
portrett
Matias Orheim (1884-1958)

Matias Orheim, 1908.

Tysk folketone frå 1400-talet (🔊 pdf nwc).

Eg fann min Gud i ungdoms år,
I livsens ljose, blide vår,
det skal meg aldri anka.
Eg lét min Frelsar inn til meg
Eå han så kjærleg synte seg,
På hjartedøra banka.

Eg fann min Gud i ungdoms vår,
Eg etter livsens krona trår,
Med truskap vil eg strida.
Og skal eg verta trøytt og sår,
Og om meg mykje motgang når,
Med Jesus vil eg lida.

Eg fann min Gud i ungdoms vår,
All ungdomskraft som i meg rår,
Skal brukast til hans æra.
Skal eg med tårer sædet så,
Med frydesong eg heim skal gå
Og mine kornband bera.