Dei kom så til ein stad som heiter Getsemane. Og han sa til læresveinane: Set dykk her medan eg bed@Mark 14,32
portrett
Edward P. Hammond (1831-1910)

Edward P. Hammond, 1866. Hammond skreiv denne songen under ei vitjing i Getsemane-hagen. Songen vart omsett til bokmål (Hin time i Getsemane) i 1880-åra og til nynorsk av Johannes A. Barstad, som og nydikta vers 3, i 1889. Dette var den fyrste kristne songen som fekk gjennomslag på nynorsk. Songen er litt omarbeidd av Bernt Støylen i 1906.

Asa Hull, 1870 (🔊 pdf nwc).

portrett
Johannes A. Barstad (1857-1931)

Den stunda i Getsemane
Eg aldri gløyma kan,
Då du låg skjelvande på kne,
Min Gud og Frelsarmann.

Kor

Getsemane, Getsemane,
Der du, min Frelsar god,
For meg låg skjelvande på kne
Så sveitten draup som blod!

Du sorgtyngd inn i hagen kom
Og stridde sårt for oss,
Du tok vår synd, vår død og dom,
Du bar det til din kross.

Kor

Av kjærleik der du sveitta blod,
Av kjærleik der du bad,
Av kjærleik skjelvande du stod,
Så eg går frelst og glad.

Kor

Men vil min kjærleik kolna av,
Min Frelsar, eg deg bed:
Å, minn meg om din kross og grav
Og om Getsemane!

Kor