Eg var blind, og no ser eg.@Johannes 9,25
portrett
John Newton (1725-1807)

John Newton, 1779 (Amazing Grace); Trygve Bjerkrheim, 1966.

Tidleg amerikansk melodi frå Virginia Harmony (🔊 pdf nwc).

portrett
Trygve A. Bjerkrheim (1904-2001)

Å nåde underfull og stor,
som fann meg i mi synd!
So arm eg var, men ved Guds ord,
eg ser som før var blind.

Guds nåde tok den angsten bort
som synda hadde skapt.
Kor det var sælt, kor det var stort
for meg som var fortapt!

Eg gløymer ei den første gong,
då eg fekk venda om.
Då braut han fram, den nye song,
då eg til trua kom.

Igjennom farer gjekk min veg.
Gud fridde meg frå deim.
Det nåden var som berga meg,
og vil meg bera heim.

Om tusen år der frå oss renn,
i lovsong sæl og still,
me like mange år har enn
som då vår song tok til!