Sjå kor stor kjærleik.@1 Joh. 3,1
portrett
John M. Driver (1858-1918)

Vilhelm Gravdal, 1988. Fritt omsett etter den svenske Underbar kärlek så stor av O. Frank frå 1899. Dette er ei direkte omsetjing av Wonderful Story of Love skriven av J. M. Driver i 1892.

John M. Driver, 1892 (🔊 pdf nwc).

portrett
Vilhelm Gravdal (1966-)

Å, for ein kjærleik så stor: Jesus oss frelsa vil!
Å, for ein kjærleik så stor! Den må me kjenna til!
Synda til alle seg trengde,
Porten til Himmelen stengde.
Jesus, han stengselet sprengde!
Å, for ein kjærleik så stor!

Kor

Jesus takk, Jesus takk!
Takk min Frelsar!
Å, for ein kjærleik så stor!

Å, for ein kjærleik så stor—sjølv om du borte går.
Å, for ein kjærleik så stor, enno Guds kall deg når.
Kom då til ævelivsbrunnen,
Som innved krossen er funnen!
Tilgjevingsflaum der er runnen,
Kom til ein kjærleik så stor!

Kor

Å, for ein kjærleik så stor: Himmelens fryd til sist!
Å, for ein kjærleik så stor, Jesus deg byd for visst!
Berging frå ævelivs-brannen,
Det er for stort for forstanden.
Kan du for små redningsmannen,
Vraka ein kjærleik så stor?

Siste kor

Å, vend om! Å, vend om!
Fred han gjev deg!
Å, for ein kjærleik så stor!